Velkommen til ny Lingvonghelg den første helga i juni. Avgong med båt frå Hylen fredag kl 17.30 og frå Tengesdal kl 18.00. Diverse gjeremål og sosialt samvær.
Påmelde til nå: Ann-Hilde Liarbø, Astrid Fattnes, Grete Tengesdal, Gunn-Aud Bakken, Bjarte Skipevåg, Martin Bakken, Margarita, Åse Lill og Oddvar Sildelid, Ane Berg, Ingar Haug





Med 50-60 cm snø er julastemninga på plass på Lingvong den 17. desember.
Boka til Oddgeir Bruaset er kommen i bokhandelen, med Lingvong på omslaget. Den 26. oktober var forfattaren på kulturhuset på Sand og kåserte rundt temaet i boka. 150 frammøtte i salen skrøytte og let vel, og boksalet gjekk strykande.
Johnny & Co var oppe for å samla heim dyra helga 15-16/10. Ved eit uhell strauk heile flokken gjennom heialeet og opp på Varaheia. 5 dyr vart ikkje gjenfunne, og går att der oppe. Truleg vil dei sjøl finna og ta vegen ned til gards att, men Johnny må inn att med flåte og dyretransport. Helikopterpiloten i området er orientert og følgjer med. Han har gjort fleire vender over området, utan resultat.
Til hausten kjem NRK`s Oddgeir Bruaset med ny bok. "Dei veglause gardane i Ryfylke" er arbeidstittelen til forlaget Genesis. Her vil Lingvong få eit eige kapittel, der gardssoga og særleg Knut får brei plass. Forlaget driv nå og samlar inn bilde, og dei plukkar rikesleg frå galleria på våre nettsider, både av gamle og nye bilde. Me gler oss alt til jul!
Deltakarar: Oddvar & Margarita Sildelid, Ane Berg, Grete Tengesdal, Gunn Aud Bakken, Jon & Øyvind Nerheim, Torgeir Øverland, Bjarte Skipevåg, Ingar Haug, Ann Hilde Liarbø, Astrid Fattnes.


Johnny Bråtveit, Berit Løland & co var på Lingvong helga 16.-17. oktober og henta høglandsfeet heim til Sandnes. Det var 17 dyr her i år som har beita innmarka sidan mai. Så det måtte 2 vender til med flåten til Hylen. I Hylen tok stuten seg ein tur i det fri, men det lukkast å få han på bilen til slutt.