Med 50-60 cm snø er julastemninga på plass på Lingvong den 17. desember.
God jul og godt nytt år til alle venner av Lingvong!
Julastemning
God jul og godt nytt år til alle venner av Lingvong! Boka er kommen
Forutan eit kapittel via Lingvong finn me i boka mykje godt stoff frå Sauda (Berdalen, Hellandsbygda) og Suldal (Ulladalen, Berge, Selland m.m.). Her er og eit interessant kapittel om Ramsfjellgardane i Hjelmeland. Elles stoff frå ulike avsidesliggande gardar i sørfylket og Nedstrand. Boka kjem i oppdatert nytt opplag til jul, der ein del småfeil er retta opp. Ei opplagd julegave til ein Lingvongsvenn! Samling: 5 dyr vart att
Jon Nærheim var heilt oppe til leet den 20.10., men såg ikkje snurten av dyra. SISTE: Søndag 23.10. gjekk alle 5 dyra på bøen, sjå bildet. Dei vart henta heim til Sandnes den 29.10. Oddgeir Bruaset skriv om Lingvong i ny bok
Ved sida av å laga den populære programserien "Der som ingen skulle tru o.s.v" har Bruaset gitt ut mange lesverdige bøker, desse vil me varmt anbefala: "Nådelaust liv i gåvmilde Hardanger", "Eg bur oppå ein plass - i Sogn" og "Folket langs Storfjorden" (I og II). Våt men triveleg Lingvonghelg 27. - 29. maiAt det blei surt ver, det visste me, for i år fekk me ikkje den 1. helga i juni som me pleier. Men helga var svært vellukka, mykje vart gjort (sjå galleri), mykje vart sagt og fortalt, og hummøret var på topp.
Takk til alle for ei super helg!
Reinsdyr ved Breiastølen
37 reinsdyr observert i Litleheia like sør for Breiastølen/Risvatnet frå helikopter i dag 3. mars. I bakgrunnen, under skydotten, ser me Lingvong. Snøvinter!
Det er uvanleg mykje snø i Ryfylkeheiane i vinter. Sidan foreninga starta på Lingvong i 1998 har me aldri sett så mykje snø der oppe som i år. Som me ser dekkar snøen gjerdet og fleire av pålane, så der er nok like oppunder 1 m snø. Bildet er tatt den 18. februar, etter ein strabasiøs skitur frå Hamrabø. Det var såvidt det let seg gjera å krypa ned i bislaget. Vinteren er kommen
Den 17. november er det 6-7 cm snø på bøen, og vinterfreden har senka seg over Lingvong. På bøen er det mykje hjortaspor å sjå, i lia nedanfor treffer me på orren. Samling den 17. oktober
Me har fått opp eit helikopterhiv med materialer til husavøling denne månaden. Nå er det på plass i løa. Nå kan vinteren berre komma. 4 dagar etter at dyra var farne kom det 30 cm snø, så det var på høg tid. Foto: Jon Nærheim m/mobil, kvelden før heimturen Fossen i minstevassføring
Med minimal nedbør dei siste 2 månadane er tilsiget nedanfor inntaket lite, me må difor tru at fossen normalt vil vera større enn dette. Fleire som har sett fossen etter reguleringa er forbausa over at den er såpass stor. "Var dette noko å bråka om?" seier dei. Andre minner om flaumar og snøsmelting. "Fossen er temma, og det blir aldri det same" seier dei. Berre sjekk fotoalbuma på desse sidene!
|
|
|
| Side 1 av 2 |